Livsens vinter

 ” The winter of  life ”

 

No nyss sto graset grønt på mo

og skogen song mot gry;

i stille regn ein blom ved hegn

vaks frydefull og kry.

Så brått all gleda svinn

når første snøfokk driv.

Men mai snø, med gror i tø,

gir atter bloma liv.

Mitt kvite hår - nei ingen vår

skal smelte alders frost !

Min skrantne skrott mangt sår har fått

av Tidas vinterblåst.

Å, alders dag er tung

og pint av søvnlaus natt.

Du gylne tid, min ungdom fri,

kvi kjem du aldri att ?

 

I omsetjing frå angelsaksisk av Trond Arnesen, 25. januar 2005, revidert mars s.å

 

Omsetjingar

 

Robert Burns :  Livsens vinter     Å, godt øl kjem

J.W.Goethe :   Over tind ein tone    Dikt VIII Chinesisch - Deutsche Jahres und tageszeiten

Å, godt øl kjem
”O, guid ale comes”

 

 

Refr:

Å, godt øl kjem og godt øl går,

for godt øl eg min sokk forsmår.

Sel min sokk og pantar sko -

godt øl gjer meg glad og fro´.

 

 

Eg har seks oksar i ein plog,

alle seks i plogen drog.

Eg sel dei alle, to og to -

godt øl gjer meg glad og fro´.

 

Godt øl held meg kvikk og rask,

eg gir tausa klem og smask.

Om resten vil eg teie no -

godt øl gjer meg glad og fro´.

Alternativ siste strofe:

Godt øl held meg kvikk og kjekk

med tausa eg til senga gjekk.

For dette eg i kroken sto -

godt øl gjer meg glad og fro´.

 

 

I omsetjing frå gælisk av Trond Arnesen, 25. januar 2005, revidert mars s.å

Over tind ein tone

”Über allen gipfelen”

 

 

Over tind ein tone

 

av ro.

 

I treets krone

 

 

anast no

 

 

blikkstille fred.

 

Småfuglane tier i lundar.

 

 

Snart nok blundar

 

I ro,  du med

Omsatt frå høgtysk av Trond Arnesen, 2004

Dikt VIII Chinesisch-Deutsche Jahres und Tageszeiten (1827)

 

 

Mørket synk no ned frå rymda,

 

Snart synk alt det nære bort;

 

Men så stig frå skogsåsskymda

 

Stjernekvelvet, fjernt og stort!

 

Uviss sitrar skog og bøar,

 

Tåka ligg kring topp og tind;

 

Djupblå skuggar over sjøar

 

Spegelskjelv og ventar vind.

 

 

 

Lågt i aust stig over sletta

 

Aning av ei måneglo.

 

Slanke vidjegreiner fletta,

 

Viftar ved den stille flod.

 

Skuggar leikar, flyktar, dansar

 

Rundt i månens trolldomsskin,

 

Slik mitt auge Luna sansar;

 

Kjøligmild i hjartet inn.

 

Omsetjinga er gjort av Trond Arnesen, 2004

SIDE 1 | SIDE 3 | HEIM


SIDE 1 | SIDE 3 | HEIM