Spegle meg i ditt auge

Den kinesiske jenta såg på meg
med bitre mandelauger
Eg såg meg sjølv i dei  

Skunda meg attende til kokongen
og spann henne eit silkeskjerf

   22.10.01


Fåkunnestev

Ikkje ein kjeft fortalde meg
at det var gloheitt
å springe berrføtt
gjennom Sahara

Alle ville sjå meg
danse

  23.09.98

Om å tru på kvinnfolkblikk.

 

Spørjande, stilt står eg framom din barm

trø meg nært, seier auga dine

eg trur deg

 

Ei hand stryk nakken din

flyttar seg mot venstre bryst

tyngda frå kroppen din gjev meg lov
 

Den andre handa

leiker rundt innom varm trusestrikk

med lengtande iver

 

Men så kviskrar du brått

at nei,det kan koma folk

 

hjartet søkk frå halsen og ned i pungen

 

Eg kjenner det som om
eg frys i hel

sekundet før
eg får satt nykjelen i låsen

til inngangsdøra

 

16.07.2000

 

SIDE 2 | HJEM


       Ein skinnjakkeobservasjon.



Guten står på fortauget
Under ein veranda
Fiklar med mobilen
Ut på verandaen kjem ei jente
Ho held ein bærepose frå Rimi

Skal han syngje for ho ?
Kor er gitaren ?
Skal han må hende spele av
den siste ringjelåta for dronninga ?

Bæreposen deisar ned på bakken
Ho slapp den berre rett ned
er allereie på veg inn att
Han ser opp
Han rakk ikkje å sjå ho
Ser ingen
Plukkar opp posen

Opnar posen
Og tek på seg skinnjakka
Som låg oppi
Ser ein siste gong opp på den
tomme verandaen.

Krøllar posen
Og går
Eg vonar han kastar posen i resirkuleringa
Han ser då ut som ein skikkeleg gut


080906

 

 Ein skinnjakkeobservasjon      Fåkunnestev       Spegle meg i ditt auge          

Alt berre sviv vidare       Livet     

Som et streif     Ei kjensle av      Om å tru på kvinnfolkblikk
     

                             


LIVET
Er berre ein måte å skape avstand i tida  på
Strekkja ho ut
Slik at ho vert              forståeleg

 151204

LIVET
Er berre ein måte å skape avstand i tida  på
Strekkja ho ut
Slik at ho vert              forståeleg

151204




Som et streif
av sol mellom
gardinene
en sommermorgen

Like lett blåste
nok et stykke tid
bort fra oss

Etterlot knust glass
I melk og honning        






Et vagt avtrykk i hodeputa
flyktig pust av lavendel
ei dyne halvveis

Jeg stiller atter en
gang min glemsomhet
til disposisjon
Som et streif

SIDE 2 | HJEM


ALT BERRE SVIV VIDARE

Den fyrste dagen i november
dansa fjærmyggen i solstrima
over den utlivde blometeigen

Det var liv over kvila
Det var dans over dauen

ALT BERRE SVIV VIDARE

Den fyrste dagen i november
dansa fjærmyggen i solstrima
over den utlivde blometeigen

Det var liv over kvila
Det var dans over dauen

														Ei kjensle av bløming
ei kjensle av tid.
Til blomar, - ei korg
til tida, - eit liv.
-----------
(Ved nyårsleite,- ord for året)
									

( ” Eg gav 2009 veslefingeren. 
														No har ho snart teke heile handa.” )